I arbeidet med ny arealplan for Giske, kom det opp eit forslag om å flytte kommunesenteret frå Valderhaug til Sætra på same øya, Valderøya. Fleire parti har omtalt Sætra som eit klart val.

Torsdag kveld fall avgjerda i kommunestyret. Vedtaket vart samrøystes, fortel ordførar Harry Valderhaug (KrF).

- Det var einstemmig å behalde dagens kommunesenter på Valderhaugstrand, fortel ordføraren.

Opnar for kjøpesenter

Samtidig opnar kommunestyret for at Sætra får vekst. Sætra er lagt inn med kombinertformål og inntil 9.000 kvadratmeter detaljhandel, opplyser ordføraren.

På grunn av endringane som vart vedtatt, må saka ut på høyring.