Valderøytunnelen var stengt tre kvarter torsdag ettermiddag etter at ein bil mista eit hjul.

Folk tipsa Sunnmørsposten om at dei har stått ein halvtime i tunellen. Dei meinte at det er farleg når bilane går på tomgang.

Det var ingen fare, ifølge Vegtrafikksentralen.

- Vi følgde med på målingane av gassnivåa i tunellen. Vi får automatisk varsel dersom avgassnivåa kjem opp på et farleg nivå. Det var ingen fare, seier trafikkoperatør Erling Drangsholt til Sunnmørsposten.

Folk vart ståande fordi den eine tunellen opna før den andre. Då var det mange som køyrde ned i neste tunell, der dei vart ståande.

- I slike situasjonar må dei ta av på Kverve og stille seg i kø, seier Drangsholt.