Rusa båtførar køyrde på grunn og la seg til å sove

Naudetatena rykka ut etter grunnstøting i Giske natt til søndag.
Ålesund og omland

Ein mann slapp uskadd frå dramatikken då båten han køyrde, enda på land ved Strandkleiva på Godøya natt til søndag, opplyser politiet.

Mannen hadde ifølgje politiet promille, og skal ha lagt seg til å sove. Politiet blei varsla av andre om hendinga og vekka mannen då dei kom til staden, opplyser operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten.

Båtføraren må rekne med eit oppgjer i rettsapparatet om saka.