Sunnmørsposten fekk laurdag kveld fleire tips frå personar i Ålesund som såg røyk i retning Ellingsøya. Ein mann som har vore ute i båt seier at det er bråtebrann på ei øy i Ellingsøyfjorden.

– Eg og ein kompis har båt i Breivika. Vi såg at det berre rauk meir og meir, og det var mykje flammar. Vi nærma oss og prøvde å gje signal, men vi såg ikkje at dei ga signal tilbake. Og vi visste ikkje kor djupt det er så vi torde ikkje gå heilt inn, fortel han som har tatt bildet.

Laurdag kveld var brannen på Lille Kalvøya sløkt. Både politiet og brannvesenet reiste ut for å sjekke.

– Det var ein bråtebrann som kom ut av kontroll. Eit område på 25x100 meter vart avsvidd. Det var avsvidd inn mot naust men ikkje skade på bygningar, seier politiet sin operasjonsleiar Arild Reite til Sunnmørsposten.

Politiet har oppretta ei sak for å vurdere hendinga nærare.