Høge flammar og mykje røyk var godt synleg frå Langevåg-området onsdag.

Men det digre bålet i fjøresteinane på Salen like utanfor Langevåg var under full kontroll.

Sunnmørsposten får opplyst på staden at den lange tradisjonen med sankthansbål på Salen i år vart avlyst. I år stod nordavinden rett på, derfor våga dei ikkje å tenne på, og i dag brende dei ned bålet.

Alt var avklara med brannvesenet i Sula, får Sunnmørsposten opplyst på staden.