Laurdag vart Suløya Grand Prix arrangert for andre gong. 35 bilar var påmeldt på førehand.

- Og i tillegg kom det til nokre fleire inn mot start, slik at vi passerte 40 sjåførar, fortel Jannicke Høydal, leiar hos arrangør FAU Måseide skule.

Også i år gjekk olabil-løypa ned Myrebekkane - frå Måseide barnehage, med innlagd startrampe for dei eldste sjåførane.

Vil ha meir

- Og alt gjekk fint føre seg, ingen skadar?

- Visst gjorde det dét. Og tilbakemeldingane er klare: Det er ønskje om Suløya Grand Prix også neste år. Folk virka til å vere strålande - eller skal vi kanskje heller seier stormande, fornøgde, seier Høydal.

Sula - og Ålesund

Deltakarane var i år frå 5 og opp til 50 år, og i tillegg til deltakarar frå Sula var det også åtte bilar frå Ålesund.

Det vart konkurrert i fire klassar: Mini (1. - 4. klasse), junior (5.- 7.), ungdomsskule/senior og old boys.

- Eigentleg hadde vi ein «golden ladies»-klasse også, men her var det ingen som stilte til start i år, fortel Høydal.

Med regntrekk

Ein av «ekvipasjane» som tok del var Rune Grande og dottera Eliana.

- Vi var med i fjor også, men har forbetra hjula i år, kunne dei fortelje - før dei drog av garde i eigenlaga olabil. Med regntrekk.

Ps! Alle som tok del fekk premie.