Vegen gjennom Brusdalen er europaveg (E39/E136), og ein veg Statens vegvesen har ansvaret for. På møtet i samferdselsutvalet 10. november vart det bede om at administrasjonen på sikt skulle jobbe for å få sett opp midtdelar.

Til det komande møte rår administrasjonen Statens vegvesen i prosessen med Nasjonal Transportplan (NTP) tek innover seg at det bør vere trygt å ferdast langs vegen - uansett om den er ny eller gamal. I begge tilfelle bør det utløysast krav om midtdelar.

Følg smp.no på Facebook

Vidare ber ein om at fylkestinget ber om at Statens vegvesen ser heilskapleg på alle høgt trafikkerte vegar i fylket ved neste rullering av NTP, og ber på bakgrunn av dei mange alvorlege ulykkene spesielt om at skilde køyrebaner vert vurdert i Brusdalen.

Vegen for smal

Problemet er at vegbana på 10 meter er for smal til at midtdelar kan monterast på eksisterande veg. Berre på ei kort strekning mellom Moa og Ålesund er det i dag slik innretning.

I oktober skjedde ei ny dødsulukke på strekninga, og seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen i Statens Vegvesen opplyste etterpå til Sunnmørsposten at dei jobba med å finne ut om det er teknisk muleg å nytte seg av midtdelar på vegen, trass i breidda.

Ikkje ulukkestrekning

Fartsgrensa er 70 og 80 kilometer i timen. Dersom vegen hadde vorte bygd i dag, ville det truleg vore krav om midtdelar på strekninga.

Strekninga er likevel ikkje klassifisert som ei ulukkestrekning. Kravet til dette er at politiet har fått rapportert minst ti ulukker med personskade på en strekning på én kilometer.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

Statens vegvesen påpeiker likevel at ulukkene på denne europavegen har hatt alvorleg skadegrad. Difor er det allereie gjort nokre tiltak, som nedfresing av rumlefelt og nedsett fartsgrense på delar av strekninga.