Klokka 19.25 melde politiet at skiløparen på Sulafjellet er trygt nede, ved hjelp av Sula Røde Kors hjelpekorps.

- Skiløparen er i kontakt med hjelpekorpset i Sula og på veg ned, opplyste politiet klokka 18.42.

Mannen var ein tur på Vardane (776 moh) på Sulafjellet då han gjekk seg vill i mørket på nedturen.

- Helikopter har vore i kontakt med han, så vi veit kvar han er. Så vi skal få han ned, sa vakthavande operasjonsleiar John Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no klokka 18.15.

Like før klokka 18 melde politiet på twitter at mannen ikkje fann vegen ned att, og at han avventa i området til han vart lokalisert.