Dei 22 jentene på Sula Cheer Team Vipers er kvalifisert til NM i cheerleading. Dette skjedde under ein cup i Drammenshallen i helga.

Laget frå Sula fekk også pris for beste koreografi og show, fortel trenar Lone Alice Rørvik.

– Jentene tok hallen med storm og strålte på matta, seier trenaren til Sunnmørsposten.

Video: Her ser du SCT Vipers stele showet

Etter totalt tre cupar er laget no på tredjeplass samanlagt.

Mål

Det er to år sidan Sula Danseklubb starta med cheerleading. I fjor bestemte dei seg for å nærme seg toppen, og i fjor haust vart dei eit konkurranselag.

No er dei klare for NM i mars. Det er også Hurricanes frå Ålesund.

Fleire klubbar

Ørskog Angels var i sin aller første konkurranse i går, og dei venta heller ikkje å greie NM-kravet.

– Dei er på god veg til å klare det til neste år, seier trenar Lone Alice Rørvik i Sula Danseklubb.