For første gong i historia stiller Miljøpartiet dei Grøne (MDG) til val i Ålesund.

– Grøn politikk er i ei enorm vekst, seier lokallagsleiar i Knut Ivar Bjørlykhaug.

Med seg på laget har han 28 andre som er viljuge til å gjere ein innsats for komande generasjonar.

– Det er det grøn politikk handlar om – å kombinere sunn fornuft og vitskapeleg dokumentasjon til å tenkje langsiktig, fortel Bjørlykhaug.

Han presiserer at dei er engasjert i langt fleire saker enn berre dei som dreier seg om miljøspørsmål.

– Å gjere berekraftige val og tenkje grønt er grunnlaget for alt anna, både økonomi og arbeidsplassar, eksemplifiserer lokallagsleiaren.

Bypatriotar

Totalt har partiet mål om å stille vallister i 300 av landets 428 kommunar. Så langt har dei 229, og av desse har 58 vald liste til haustens lokalval. Ålesund er ein av dei.

– Per no har vi 17 namn på lista, men vi vil jobbe aktivt fram mot nominasjonsmøtet i mars, fortel Bjørlykhaug.

Han er sjølv frå Grytastranda i Haram, men bur i Ålesund og kallar seg ein ekte bypatriot.

– Mitt grøne engasjement starta eigentleg fordi eg er så glad i friluft og byrja å tenke over korleis alt heng saman, fortel han.

I fjor tok han over leiarvervet etter John John Bruseth, som no er fylkesleiar i Møre og Romsdal MDG. Det er meld om fleire namn som er kjend i ålesundsområdet på lista som vert lagd fram like før nominasjonsfristen 31. mars.

Les også: Miljøpartiet vil inn på fylkestinget

Mangedobling

I 2015 vil MDG tidoble talet på grøne lokalpolitikarar i Norge, og i Ålesund er dobling eit minimum.

– Vi må ha is i magen og kjempe for å gjere verdiane våre kjend. Vi vil òg ha flest muleg innspel til viktige politiske saker frå folk i Ålesund, seier Bjørlykhaug.

På søndag held dei ope møte i Ålesund for å samle grøne krefter på Sunnmøre. Der vil dei ha folk i gata, uavhengig av politisk forankring, til å bidra til utforming av grøn politikk.

– Eg kjem til Ålesund for å snakke om kvifor norsk politikk treng Dei Grøne, med eksempel frå Stortinget og kommunestyre kor vi har hatt representantar i fleire år, fortel 1. stortingsvara og politisk redgjevar for Rasmus Hansson, Une Aina Bastholm, til smp.no.

Dei grøne politikarane meiner dei større partia gjer for lite framtidsretta arbeid og vrir seg unna ved å unngå å svare på ubehagelege spørsmål.

– Ein må våge å tenkje langsiktig på miljø og hente fram viljen til å gjere noko for våre barn og barnebarn slik at dei kan nyte jorda etter oss. Vi kan ikkje halde fram slik vi har gjort dei siste åra. Eg trur alle i utgangspunktet har ei grøn sjel, vi må berre våge å vere ærlege om dagens situasjon og ta grep i eigen kvardag, meiner Bjørlykhaug.

I Ålesund er smart kollektivtransport, sykkelveg mellom høgskulen og sentrum og meir frivillegheit i kommunen viktige punkt i partiprogrammet.

Dei grøne har nettopp fått nytt lokallag på Sula, og dei er aktive mellom anna i Molde, Kristiansund, Vestnes, Ørsta og Volda.