Det pågjekk i 11-tida framleis ettersløkking og utlufting av produksjonslokala hos Brødr. Remø på Fiskarstrand.

Alle dei tilsette er gjort rede for, melder politiet. Brannen er under kontroll.

- Ingen personskade er oppstått. 19 er evakuert, seier innsatsleiar Olav Ramnefjell på staden.

Vanskelege arbeidsforhold

- Brannen er lokalisert i ein røykeomn. Ein del av konstruksjonen har rast. Vanskelege arbeidsforhold, melde politiet klokka 10.40.

Røykdykkarar frå Spjelkavik og Ålesund brannstasjonar var i innsats.

- Det brenn i ein vegg - og litt uoversiktleg, melde politiet nokre minutt tidlegare.

Oppdaga av tilsette

Brødr. Remø er ei fiskeribedrift som ifølgje eigne nettsider produserer røykelaks, skaldyr i lake og kvitfisk. Brannen vart oppdaga av tre-fire av dei tilsette. Årsaka til brannen er ukjend.

Sula Brannvesen var framme 10.15 og stadfesta brann hos Brødr. Remø på Fiskarstrand.

Brødr. Remø varsla om brannen kl. 10.05. Ei stund etter vart det også meldt om synlege flammar.

Alle naudetatane rykka ut. Brannmannskap frå Spjelkavik og Ålesund vart sendt ut, også med røykdykkarar.

Foto: Nils Harald Ånstad