Lensmannen i Giske etterforskar ei sak etter tjuveri av seks forskjellige båtmotorar på Synnes, Vigra.

Tjuveriet skal ha skjedd i perioden 25. februar til 27. februar. Det var inga videoovervaking i småbåthamna.

– Mest sannsynleg har tjuvane brukt sjøvegen, skriv lensmannen i si gransking.

– Fortærande

Søndag ettermiddag treff vi Hans-Isak Røsvik i småbåthamna på Synnes. Den 17 år gamle sjarkeigaren er nedom for å sjekke noko på båten sin.

– Det er fortærande at ein ikkje skal få ha noko i fred lenger, synes Røsvik.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Han var nedom og sjekka båten laurdag også, og då var motortjuveriet det store samtaletemaet: – Dei var ikkje akkurat blide dei eg snakka med, seier Røsvik.

Skjedd tidlegare

Han fortel at dei opplevde tjuveri frå hamna for eit par år sidan. Det er ergreleg å oppleve noko liknande igjen, tykkjer sjarkeigaren. Han legg til at han sjølv ikkje har fått fråstelt noko frå båten sin.

– Eg syns det er gale at folk er av den oppfatning at det er berre å ta seg til rette på denne måten. Vi følte oss trygge, men så skjedde altså dette igjen, legg Røsvik til.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Sidan dei ikkje har kameraovervaking, har dei ikkje mykje å fare med når det gjeld å vite kven som har tatt motorane.

– Men eg trur nok vi kjem til å halde eit ekstra auge med hamna framover.

Vert etterforska

Tjuvane har klipt av og fjerna motorane frå båtane. Fleire større og kostbare påhengsmotorar, dyrt elektrisk utstyr og teiner er urørt, får smp.no opplyst frå operasjonssentralen.

Motorane som er tatt er av typen Suzuki (9,9 hk), Suzuki (40hk), Suzuki (25 hk), Mercury (25 hk) med fleire.

– Saka blir etterforska vidare av lensmannskontoret på Giske, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.