Fylkesleiaren for ungdomspartiet til Framstegspartiet og leiar av Ungdomsrådet i Ålesund, er oppvaksen på Ellingsøya.

Han kjenner godt til kor dei trafikkfarlege punkta er. Han etterlyser ein veganalyse av heile øya, for å kunne setje inn trafikktryggingstiltak der det trengs. Ifølgje Strand er det mange stader.

Kva meiner du? Bruk kommentarfeltet under saka!

Lågare fartsgrense

Tysdag i førre veka var han vitne til ei ulukke mellom to bilar på fylkesveg 107 på Hoffland, ikkje langt frå avkøyringa til Ellingsøy barne- og ungdomsskole. Denne strekninga er eitt av dei kritiske punkta, meiner Strand.

– Eg foreslår at det vert sett ned frå 80- til 60-sone frå svingen etter Kverve til ein har passert skiltet til skulen, seier Strand.

Les også: – På tide å sette ned fartsgrensaLes også: To til legevakt etter påkjørsel bakfra

Han ser òg behov for eit fotgjengarfelt i denne sona.

– Sikta er relativt god, men når ein køyrer 80 km/t, er det vanskeleg å reagere i tide, dersom små barn spring over vegen utan å sjå seg for.

Prioritering

Samferdsletiltak står høgt på lista for Strand, som stiller på val for Ålesund Frp til hausten. Han meiner det er på tide at det blir prioritert tiltak som betrar sikkerheita og vegstandarden på Ellingsøya.

– Eg er klar over at det er ein fylkesveg, og at det er lite pengar i potten. Men sikkerheita til befolkninga og det å skape trygg skuleveg for barn og unge, er viktigare enn noko anna.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Risikofylt

Strand tek med avisa på ei runde for å peike på alle dei risikoutsette stadene på hovudvegen over Ellingsøya. Eitt av punkta er Grytebust, der bussen stoppar midt i hovudvegen for å sleppe av passasjerar.

– Dette fører gjerne til at bilar bak bussen køyrer forbi. Faren for at dei møter ein bil i motgåande felt, som akselerer frå 60- til 80-sone, er stor. Dette er spesielt skummelt sidan det er like før ein bakketopp. Ein busshaldeplass kan hindre desse farlege situasjonane.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

Eit anna kritisk punkt er mangelen på fotgjengarfelt i enden av Slotsvika, når ein køyrer mot byen, meiner Strand. Han saknar òg fotgjengarfelt ved krysset opp til Storfarvegen og ved Bjørgekrysset.