Betydelege mengder med datautstyr er stole i eit innbrott ved fleire bedrifter ved Øygardshamna på Giske. Tjuveriet har skjedd måndag kveld, eller natt til tysdag, opplyser politiet.

– Vi er på staden for å gjere undersøkingar, men ønskjer gjerne tips i saka, fortel operasjonsleiar John Bratland ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

  • Har du tips til oss om denne saka? Tips oss på sms/mms 95 400 400, eller epost 95400400@smp.no

Innbrottet vart oppdaga tysdag morgon, og førebels har ikkje bedriftene full oversikt over kva som er vekke. Ifølgje den første meldinga kunne det vere snakk om opptil 15 datamaskinar, men truleg dreier det seg i første rekkje om skjermar.

Dagleg leiar Ronny Stokke i Momentium var tidleg tysdag på staden, og seier dei må rekne med ein del ekstraarbeid på grunn av innbrottet.

– Dette var skikkeleg kjipt, seier han til smp.no.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Det er bedriftene Momentium, Lyd & Lyspartner og Kodebyrået som er råka.

Likevel skal ikkje større mengder data har gått tapt: – Vi blir sett litt tilbake, men mange av dei som jobbar her lagrar arbeidet sitt på eksterne servarar, seier Stokke. Førebuingane til sommarens Momentium-festivalar, skal med andre ikkje bli påverka av innbrottet.

Tjuvane har tatt seg inn i lokala via eit vindauge, men det skal ikkje vere utført større skade i lokalet.

Kring 35 personar har sitt daglege arbeid i den tidlegare fabrikken til Møre-kjøkken.

Smp.no kjem med meir