Ein passasjer som kom med London-flyet på Vigra fredag ettermiddag fortel om ein hustrig og kald mottaking ved Ålesund-flyplassen.

– Dei som kom med flyet måtte vente i ein times tid i passkøa under det opna skuret på sida av terminalbygget, fortel passasjeren til smp.no.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Jaga ut i regnet

Med berre nokre få plussgrader i lufta, regn og kald vind var det ei lite hyggeleg oppleving:

– Folk hutra og fraus, og fleire mødrer var bekymra for at dei yngste barna vart kalde. Eg meiner det er litt flaut, og det står ikkje i stil tiil resten av flyplassen som har vorte veldig flott, legg han til.

Har du opplevd noko liknande? Bruk kommentarfeltet eller tips oss på sms/mms 95 400 400

Etter ei stund skal dei ventande heller ikkje ha fått lov til å stå under skuret, og vert bedne om å gi plassen under taket til passasjerar som skulle reise med andre fly. Dermed skal fleire ha vore nøydde til å vente ute i regnet.

– Skal ikkje vere slik

Flyplass-sjef Tor Hånde kjenner ikkje til hendinga, og seier det ikkje er slik til vanleg. Han meiner det er opplevingar passasjerande skal sleppe.

– Det skal ikkje vere slik, seier han, men viser til at det er politiet som har ansvaret for passkontrollen.

Ved operasjonssentralen hos Sunnmøre politidistrikt har dei ikkje opplysningar som skulle tilseie at det var spesielle utfordringar med kontrollen fredag. Dei kan difor ikkje anna ennå stadfeste at mannskap frå Giske lensmannskontor har hatt kontroll slik dei har til vane når det kjem fly frå utanfor Schengen-området.