Foreldra blei orientert på eit møte onsdag, og fleire foreldre reagerer på at eigarane utan forvarsel planlegg å stenge barnehagen frå 1. september.

– Vi har aldri lagt ned ein barnehage før, men var klar over at dette ville bli kjensleladd, seier Rolf O. Årseth, styreleiar i det private selskapet Kulur som eig barnehagen.

Færre søkjer

Selskapet eig både Åsemyra barnehage og Olsvik barnehage. No har dei kapasitet til alle søkjarane i ein barnehage og vel å satse på barnehagen i Olsvika.

– Frå 2013 har vi merka at barnetala blir lågare. Vi ser også at det er tøffare tider i næringslivet. Dessutan har nabokommunane bygd ut barnehagar, noko som påverkar oss, seier Årseth og viser til at Åsemyra og Olsvik ikkje berre er nærbarnehagar, men også har barn frå nabokommunane til Ålesund. Han meiner situasjonen ikkje er unik for Kulur, og viser til at fleire no annonserer for å få tak i barn til barnehagane.

Fleksibel dato

– Det er reaksjonar på at nedlegging skjer med tre månader varsel? Kva kommentar har du til det?

– Vi hadde foreldremøte onsdag, og mykje av formålet var å få signal om kva foreldra meinte. Vi har tenkt 1. september, men no har vi fått konstruktive innspel som vi ser på. Vi kan vere fleksible på dato, seier Årseth som understrekar at dei har fokus på at alt skal vere til beste for ungane. Nye barn vil difor kunne få starte i Olsvika 1. august, slik at dei slepp å bytte.

– Burde de ikkje ha varsla om nedlegginga før hovudopptaket, slik at foreldra fekk sjansen til å velje andre barnehagar?

– Vi har ikkje hatt oversikt før ganske nyleg. Opptaket skjer etter 1. mars, og det er ein lang prosess hos kommunen. I år har det også teke lenger tid enn vanleg, seier Årseth som også meiner det er spesielt uoversiktleg i dei større barnehagane.

Han minner også om at barnehagane har suppleringsopptak heile tida og tek inn nye barn når det er ledige plassar.

Årseth seier vidare at dei prøver å handle så profesjonelt som mogleg, ved først å varsle tillitsvalde og tilsette. Foreldra blei varsla raskt etterpå. Også dei som ikkje var på møtet skal få informasjon.

Droppa nybygg

Barnehagen i Olsvika er ein moderne barnehage, som ifølgje Årseth har god kapasitet også for barna frå Åsemyra. Barnehagen er bygd slik at det er kapasitet til 281 barn, over tre år. Kapasiteten er ikkje fullt utnytta, og i praksis er der plass til 200 barn.

Kulur kjøpte Åsemyra barnehage av helseføretaket i 2011. I 2013 viste dei fram teikningar for nybygg og fekk rivingsløyve på den gamle barnehagen.

– Kva skjedde?

– Det var nødvendig å omregulere deler av tomta til bustadformål for å finansiere nybygget. Dette fekk vi ikkje gjennomslag for i kommunen, seier Årseth.

Ingen planar

Eigarane har no ingen konkrete planar for bygget. Om selskapet likevel skal bygge nytt, vil det bli ein mindre barnehage enn det som var tenkt. Dette ut frå at ein vurderer det som vanskeleg å fylle opp ein ny, stor barnehage der.

Sidan det etter 2011 ikkje lenger er fri etableringsrett for barnehagar, er det politikarane som må meine noko om ein eventuelt ny barnehage.Leiar i samarbeidsutvalet i barnehagen, Trond Østraat, blei overraska over nedleggingsplanane. Han var ikkje sjølv på møtet onsdag, men har snakka med styreleiar.

– Det er trasig om barnehagen blir lagd ned. Dette er ein god, gammal barnehage som har vore der i mange år. Vi har vore veldig godt fornøgde både då sjukehuset var eigar og no med Kulur, seier Østraat som reknar med å få meir informasjon når utvalet skal ha møte torsdag kveld.

Rolf Oskar Årseth er direktør og forretningsutviklar i barnehagekjeden Kulur. Han er også ein av eigarane av selskapet, som no kuttar frå to til ein barnehage i Ålesund. Foto: Knut Arne Aarset