(Foto: Privat)

Foto: Privat

Vil ha meir nynorsk

Elevråd ber lærarane om å nytte meir nynorsk i undervisninga.

Styret for elevrådet ved Fagerlia videregående skole oppmodar lærarane om å bruke meir nynorsk i undervisninga.



Oppmodinga går spesielt til dei lærarane som sjølve hadde nynorsk som hovudmål i si skuletid.

- Slit med språket
Grunngjevinga er at dei elevane som har nynorsk som sidemål slit med språket. Dei har ikkje fått god nok opplæring.

- Vi ønskjer at nynorsken skal bli ein del av ungdomen sin natur. Mykje av norskundervisninga i skulen er for dårleg og difor ønskjer mange at sidemålet skal vere valfritt. Det er svært synd at så mange tenkjer slik om vårt flotte skriftspråk, meiner styremedlem Simon Molvær Grimstad i elverådet.

Den dårlege undervisninga er til skade for elevane når dei skal ha heildagsprøve i nynorsk som gjev grunnlag for ein eigen karakter. Elevane er misnøgde med at dei får eit slikt krav når undervisninga er for dårleg.

- Fordel for alle
I staden for å presse meir sidemål inn i ein tettpakka timeplan vil elevane at lærarane brukar nynorsk i den vanlege undervisninga. Ved at meir allmenn undervisning går føre seg på nynorsk, får elevane sjanse til å få ein betre karakter.

Dette er også til fordel for dei som har nynorsk som hovudmål, heiter det i grunngjevinga.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Tarjei Bø vil gå alle distanser i OL

Tarjei Bø har lagt de siste sykdomsproblemene bak seg, og mener at han skal være i fullt slag til verdenscupstarten i Östersund.