Krev betre kabelutgreiing

Ordførar Jan Kåre Aurdal i Sykkylven (Krf) (til venstre) i samtale med sine kollegaer i Ørskog Torbjørn Fylling (Frp) og Knut Støbakk (Krf) i Giske.
Foto: Johan Behrentz
Ordførar Jan Kåre Aurdal i Sykkylven (Krf) (til venstre) i samtale med sine kollegaer i Ørskog Torbjørn Fylling (Frp) og Knut Støbakk (Krf) i Giske. Foto: Johan Behrentz

Dei to regionråda på Sunnmøre ber om betre utgreiing av kabelløysingar i samband med etableringa av 420kV leidning mellom Fardal og Ørskog.

Mobil: 90201228
Publisert: 27.08.2010 kl. 12:45
Endret: 27.08.2010 kl. 12:52

I eit brev til regjeringa syner dei til dei krava som har kome frå Hardangerregionen. Dei gjer merksam på at arbeidet med å få til meir miljøvennlege løysingar har vore omfattande og har pågått i lang tid i dei kommunane som råda representerer.

Mange av ordførarane i dei to råda var samla i Ålesund fredag føremiddag for å diskutere høgspentline eller kabel. Ordførarane var samla om at ein treng skikkeleg utgreiing for å skape best mogleg grunnlag for eit endeleg vedtak. Det kom også fram at dei kommunane som blir mest råka av høgspentliner, også var klårast i sitt krav om sjøkablar. Ordførar Gudny Fagerhol i Ørsta seier til Sunnmørsposten at politikarane i kommunen er opptekne av å sanere eldre liner, men at ein aldri har forkasta kabelalternativet.

Unik for turisme

- I verdssamanheng er norskekysten unik ved at fjell møter hav i eit bebudd fjordlandskap. Storslagen natur- og kulturlandskap er høgt verdsett av både tilreisande og fastbuande. Denne natur- og kulturarven må framleis takast vare på og derfor må kablingalternativet utgreiast.

I forlenginga av det som skjer i Hardanger, er det også i vår region eit krav om ei uavhengig utgreiing av alternative løysinger for kraftlina som skal krysse fjordane på Sunnmøre.

Realistisk alternativ

Ordførarane meiner at kabel på delar av trasèen er eit realistisk alternativ. Dei syner til Statnett si førebelse utgreiing om at det er teknisk mogeleg å leggje sjøkabel i den nordlege enden. Kommunane meiner at det også må gjennomførast ei uavhengig utgreiing av kablingsløysingar som kan spare heile Sunnmørsalpane og Hjørundfjordområdet for dei inngrep ei luftledning vil representere.

Best for miljøet

Utgreiinga frå Statnett syner òg at dette vil vere den beste løysinga for fastbuande, reiseliv, friluftsliv, fritidsbustader, biologisk mangfald, kulturlandskap og landbruk i dette området. Forsyningssikkerheita kan sikrast med doble kabelsett, slik Statnett har lagt til grunn i si førebelse utgreiing.

Ei uavhengig utgreiing for Sunnmøre vil ikkje utsetje bygging av linja. Statnett slår fast at kabel på delstrekningar kan realiserast i løpet av fire år. Dessutan har OED allereie bedt Statnett om å søkje nye konsesjonar på andre moglege delløysingar på traseen. Kabelkonsesjon kan då handsamast parallelt.

Uavhengig

- Ordførarane på Sunnmøre krev difor at Olje- og energidepartementet sett i gang uavhengige utgreiingar av kabelløysingar og andre avbøtande tiltak på kraftlinja mellom Fardal og Ørskog.

Ordførarane krev at utgreiinga skal gjerast av ein ekstern tredje part i tråd med dei utgreiingar og den prosessen som skal gjennomførast på strekninga Sima – Samnanger i Hordaland.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer