For ei veke sidan gjekk Øy-Blikk konkurs, etter å ha vore lokalavis for Giske kommune sidan 1985. Den gong var det nettopp Odd Egil Valderhaug som starta opp avisa som aksjonær, redaktør og disponent. No er han altså innstilt på å få avisa ut igjen.

– Det er utruleg mange som har vendt seg til meg og sagt at no må du trø til igjen. Vi kan ikkje ha ei kommune utan lokalavis, fortel Valderhaug fredag ettermiddag.

Sat godt i godstolen

Han fortel at han første gong fekk spørsmålet for ei veke sidan, dagen etter at Øy-Blikk gjekk inn. Då skal han ha sagt at det absolutt ikkje var aktuelt.

– Eg pensjonerte meg for eit år sidan. Og eg sat godt i godstolen, seier Valderhaug til Smp.no.

No har han ombestemt seg, og det gjekk altså berre ei veke.

Førebels eineaksjonær

– Det er viktig å få dette på skinner veldig fort, medan folk enno hugsar avisa. Eg kan stadfeste at eg har kjøpt buet som virksomhetsoverdragelse, fortel han.

Buet er kjøpt av selskapet Giske Aktivum AS. I alle fall inntil vidare er Valderhaug eineaksjonær i avisa.

– Det blir eit nytt firma, og namnet Øy-Blikk går vidare, seier han.

– Kva gav du for buet?

– Det ønskjer eg ikkje å seie.

Endringar

Valderhaug har bakgrunn både som kremmar og som lokalpolitikar for Høgre i Giske kommune.

Om to vekers tid trur han at avisa er ute igjen. Fredag ettermiddag hadde han ikkje klart kven som skal skrive for avisa og kven som skal selje annonsar.

– Derfor kan eg heller ikkje gå ut med detaljar om korleis avisa blir. Noko blir som før, og så blir det ein del endringar, seier han til Smp.no.

– Kva er grunnen til at du har trua, så kort tid etter at Øy-Blikk gjekk konkurs?

– Hovudårsaka til konkursen var svikt i annonsemarknaden. Dei var uheldige på ein del område. I tillegg vil eg legge opp til ei litt anna drift, seier Valderhaug.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Faksimile frå forsida av Øy-Blikk 29. august, der det vart fortald at avisa er konkurs.