Pauline Wiggen frå Valderøya skulle saman med mannen og dei to barna deira, søster til Pauline, barna hennar og ein ven ut og nyte den fine vårdagen. Til saman var dei fire barn frå 1,5 år til sju år.

Dei sette seg i båten og kursa mot Oksebåsen like ved Valderøya. Dei fann ein fin plass der barna kunne leike i fjøra og finne skattar. Pauline og søstra gjekk seg ein tur bortover og oppdaga meir og meir fugl i lufta. Så såg dei kvifor.

– Eg tenkte berre herligheit, at det går an.

Grotesk

Ein sel hang frå ein einebusk, strupt i eit tau og med ei stor stjerne snitta ned gjennom spekket over ryggen.

Pauline Wiggen seier det nesten såg rituelt ut.

– Og eg er ikkje tvil om at det er mishandling. Det der kan ikkje ha skjedd tilfeldig.

Ho fortel også at ho er jeger og ho såg ikkje noko teikn til at selen var skoten.

– Det såg berre stygt ut. Dei prøvde å skjerme barna frå synet som best dei kunne, men spesielt dei eldste barna som var med er opptekne av det dei har sett.

– Kven kan gjere slikt!? Det var grotesk for barna å møte dette. Heilt forferdeleg.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland her

Døde fuglar

Selen var fortsatt fin i pelsen og fuglen hadde ikkje begynt å ete på han, så Pauline Wiggen trur han ikkje kan ha lege lenge på denne måten.

Saman med rundt selen låg også død fugl. Wiggen fortel i tillegg at det har vore mykje død fugl som har reke i land på Valderøya i det siste.

– Og ein kan nesten lure på om nokon har brukt selen som åte, for å skyte fugl. Pauline Wiggen er overbevist om at nokon har gjort dette mot selen med vilje.

– Og eg håper berre selen var daud først, men det er det vanskeleg å vite.

Politiet vil sjå på saka

Hos politiet har dei ikkje fått melding om verken denne saka eller saker som kan ha samanheng med dette før Sunnmørsposten ringer.

Etter at operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt har sett fotografiet av selen, er han klar på at saka må takast vidare.

– Dette må vi sjå nærare på over helga, seier han søndag ettermiddag.

Følg smp.no på Facebook du også

– Kan ikkje halde fram

Dagleg leiar i dyrerettsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, seier mishandlingssaker alltid blir meldt av dei, for å setje fokus på slike saker.

– Og vi ser også at ein del ville dyr vert utsett for grov vald, tortur og utspekulerte plagemetodar.

Martinsen fortel at det ofte er dyr som er utsette for negativ omtale som vert utsett for slik mishandling.

Dyr brukt som åte, for å lokke kråke og måse og så skyte fuglen er også slikt Martinsen veit skjer.

– Og det er ikkje greit. Heldigvis kjem det nye reglar, for det har vore nærast ein fritt-vilt-mentalitet på dette området, og det kan ikkje halde fram lenger.

Det var eit grufullt syn som møtte denne turgjengen i helga. Bak fra venstre: Liv Karin Lundberg og Pauline Wiggen. Foran fra venstre: Selma Lundberg, Olea Marlen Wiggen og Wilma Lundberg. Foto: Eskild Flydal
Siri Martinsen er leder i Noah, organisasjonen for dyrs rettigheter.