Den førebelse obduksjonsrapporten etter drapet på 20-åringen i Hareid, vart klar måndag. Familien fekk vite resultata av rapporten måndag kveld, opplyser bistandsadvokat Jørund Knardal til smp.no.

– Familien har mange spørsmål om kva som skjedde som dei håpar å få svar på, seier Knardal.

Den avdøde vart obdusert på Ålesund sjukehus av rettsmedisinarar under leiing av professor Inge Morild fra Gades institutt i Bergen.

Kan gi svar om drapsvåpen

Resultata frå obduksjonen vil også kunne gi politiet meir informasjon om drapsvåpenet, som førebels ikkje er funne.

I ei pressemelding måndag seier politiet at det er muleg å stadfeste at det er brukt ein kniv - eller knivliknande gjenstand.

Ein 23 år gamal mann innrømte drapet i avhøyr søndag, og har forklart at han var åleine om drapshandlinga. Imidlertid ville ikkje mannen ta standspunkt til spørsmålet om straffskuld.

Venn av sikta: – Truet få timer før drapet

Politiet opplyste også måndag at dei meiner drapet skjedde mellom klokka 08 og 11 fredag 8. august. Fleire personar var til stades då det oppstod ein situasjon mellom sikta og den drepne, men det er ikkje klart om det var fleire personar på staden då drapet skjedde.

Vil samlast ved åstaden

Familien til den drepne har ønska å sjå staden der 20 år gamle Sami vart teken av dage. Dei vil få eit tilbod om å gjere dette tysdag.

– Dei forstår at det ikkje er muleg, men dei ønskjer å ha ei markering for familien for å ta eit privat farvel. Fleire er komne frå andre kantar av landet og vil sjå staden, seier Knardal.