Og ho er ikkje åleine om å lovprise sommaren som no er på hell.

– Ein svært bra sommar. Det har gått over all forventning, seier Karoline Granerud, hotellsjef ved Hotell Union Øye i Ørsta.

– Langt betre besøk enn i fjor sommar, seier Ruth Sunde ved Storfjord Hotell i Skodje.

– Heilt fantastisk vêr, og heilt fantastisk besøk, stråler Knut Slinning, eigar av Juvet Landskapshotell i Valldal.

Norangdalen

Sol var det også der hotelleigar Iris Fivelstad var i juli, sjølv om det ikkje var på Fivelstadhaugen i Norangdalen.

Ho er nemleg både hotelleigar og marineoffiser, og deltok i sommar på ei stor marineøving i Stillehavet.

Men no er ho heime att og har fått ei oppsummering av sommaren frå dei som dreiv hotellet medan ho var borte:

– Det har vore hektiske dagar på hotellet. Det har stort sett vore fullt hus kvar natt. Besøkjande frå heile verda har vore innom, men 70 prosent er likevel frå Norge.

– Dette er i stor grad folk som bur her for å gå på fjellturar, anten det er til Slogen, Kvitegga, Blæja, Hornindalsrokken eller Skåla – eller andre toppar. Det flotte vêret har lokka ekstra mange fjellturistar hit denne sommaren, legg Fivelstad til.

Juvet

Ved Juvet Landskapshotell kan Knut Slinning fortelje at det har vore tre månader med fulle hus i sommar, og at pågangen har vore større enn nokon gong før.

Og Juvet har flest gjestar frå utlandet, ikkje berre frå dei tradisjonelle turistlanda som Tyskland, England, Frankrike og Spania, men også frå meir eksotiske land som Mexico og India.

– Dei som bur hos oss er over snittet interesserte i natur, arkitektur og kultur, seier Slinning.

Øye

Karoline Granerud, hotellsjef ved Hotell Union Øye, har også hatt gjestar frå heile verda i sommar, men flest nordmenn.

– Finvêret lokka nok ekstra mykje folk hit i sommar. Det er mange fjellfolk som har budd hos oss. Dessutan har vi hatt mange spisegjester innom.

– Er det nokon av gjestene som har sett spøkjelset?

– Nja, det er iallfall nokon som meiner dei har høyrd lydar i gangane, smiler Granerud.

Storfjord

Direktør Ruth Sunde ved Storfjord Hotell i Skodje kan også smile. For også ho kan fortelje om ein sommar som var langt betre enn fjoråret.

– Vi har mange internasjonale gjestar, i all hovudsak frå USA – men også frå England, Tyskland, Russland og Frankrike, fortel Sunde.

Iris Fivelstad har grunn til å vere fornøgd. Besøket ved Villa Norangdal har vore svært godt, og juli vart ein ny rekordmånad. ARKIVFOTO Foto: JUNE R. JOHANSEN
Knut Slinning ved Juvet Landskapshotell har aldri hatt ein så travel sommar som i år.
Storfjord Hotell har mange utanlandske gjestar. Dei fleste kjem frå USA. Foto: Nils Harald Ånstad