2014 blir det beste turiståret nokonsinne for Trollstigen. Så langt i år har ein halv million personar besøkt det vakre turistmålet. Dette er meir enn i rekordåret 2012.

– 2014 ligg an til å bli det definitivt beste året for Trollstigen nokon sinne. Og i åra som kjem trur vi at besøket blir enno høgare, seier reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Åndalsnes og Romsdal Reiselivslag

Dette skaper fleire utfordringar.

Ta betalt?

Tidlegare har ho foreslått å innføre ei avgift for dei som køyrer Trollstigen, men staten sa nei. No er det fylkeskommunen som eig riksveg 63.

– Dette opnar for ein annan diskusjon. Det er ikkje umuleg lenger, seier Bakke. Ho fortel at ho no har relansert ideen i sommar, i eit møte med fleire offentlege og private aktørar.

– Her var det fleire som nikka og var positive. Det kan altså vere eit alternativ å ta betalt, seier Bakke.

I så fall blir Trollstigen den første nasjonale turistvegen der blir kravd betaling.

– Slik kan turistane gje eit bidrag, for at Trollstigen skal utvikle seg og blomstre som turistattraksjon, seier ho. – Kanskje vi må vere såpass tøffe og stolte at er dette er ei løysing.

Parkering

Også parkeringsarealet ved utsiktspunktet er for lite.

– På dei mest besøkte dagane var det parkeringsplass til kvart tredje køyretøy. Personbilar prøvde å parkere i grøftekantar eller på stikkvegar, seier reiselivssjef Gråberg Bakke.

– Dette er ei utfordring som vi må sjå på, saman med Statens vegvesen, Rauma kommune og Nasjonale turistvegar, seier reiselivssjefen, vel vitande om at Trollstigen landskapsvernområde i dag set grenser for parkeringsarealet.

580.000

Bakke opplyser at veke 30 var toppveka, med 2.121 køyretøy i snitt per døgn. Ved å rekne tre personar per personbil og 40 personar per buss, får reiselivet eit tal på kor mange personar som har besøkt Trollstigen.

1. august 2014 viste tala at 580.465 personar har besøkt Trollstigen i år, mot 453.465 same periode i fjor.  Opningsdatoen i år var så tidleg som 8. mai, mot 22. mai i 2013.

Guida turar

Ho ser også fleire måtar få få turistane til å legge igjen kroner.

– Dette er eit flott fotturområde: Eg ser for meg gudia turar inn til Mannen, Bispevatnet, Alnestind, Finnan og Trollveggen. Dette vil jo samtidig legge beslag på parkering heile dagen, så det er noko eg håper vi finn ei god løysing på.

Reiselivssjefen understrekar at dei ikkje ønskjer å tilby parkering til kvart køyretøy som treng det.

– Då vil vi ha fylt området med parkeringsareal. Men cruisetrafikken har auka kraftig sidan 2010 både til Åndalsnes, Geiranger og Ålesund. Også personbiltrafikken aukar. Dette er ei utfordring vi må sjå på.