– Vi har prøvd mange taktikkar for å bli kvitt dei, men det nyttar ikkje. No snur vi litt på flisa. Dette er jo ein av favorittfiskane til sportsfiskarane, så kvifor ikkje invitere til ein konkurranse, seier Fritz Wahl i Sula Jeger- og fiskeforeining.

Gjedde er ein framand fisk i vatn på Vestlandet. Ikkje mange er klar over at vi har gjeddevatn, men slik er det altså: Den gjeldande Sularekorden er på over åtte kilo nådelaus predator. I helga kan den stå for fall.

Følg smp.no på Facebook

Amtmannen

Han visste nok ikkje heilt kva han gjorde, amtmann Jonas Lillienskiold. På slutten av 1600-talet skal han ha vore ansvarleg for å sette ut gjedde i Vassetvatnet på Sula.

Sidan har den effektive rovfisken funne ein oase her, langt frå sine andre norske habitat. Her lever han godt på aure, så godt at jeger- og fiskeforeininga må kjempe for å bevare bestanden.

– Vi kastar garn når han gyt, og tappar ned vatna for å ta knekken på egga som leggjast langs land. Men det er ikkje nok. Det må meir fiske til, og no håpar vi at mange kan få vite om at vi faktisk har gjeddevatn i området, seier Wahl.

Spreier seg

På mystisk vis spreier gjedda seg. No har fem vatn på Sula fått gjeddebestand, fleire utan tilknyting til Vassetvatnet. Fisken trivst så godt at han veks seg større enn dei små vassdraga skulle tilseie. Norgesrekorden på dryge 18 kilo skal noko til for å slå, men Wahl seier at storleiken er i snitt mellom ein og to kilo, med fleire ruggar innimellom. Sjølv har han sikra seg ein på 3,5 kilo.

– Eg må seie det er ein artig fisk å hale inn. Det er alltid mykje action med ein så sterk fisk. Og medan det trengst litt kløkt for å lokke auren på kroken, er ikkje gjedda så avansert, seier Wahl.

– Og korleis er ho som matfisk?

– Meiningane er delte, men han går for å vere god. Sjølv har eg ikkje smakt. Spør svenskane, som et fleire tusen tonn i året. Nokre meiner at han er best med flatbrød. Då kjenner ein nemleg ikkje så mykje til alle beina.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no