Hovudhuset og to sjøbuder på Torvholmen i Herøy gjekk opp i flammar i ein kraftig brann tirsdag kveld.

Brannen starta i den kvite sjøbuda lengst nordaust på Torvholmen, spreidde seg vidare til det raude naustet og deretter tok det store hovudhuset frå 1904 fyr.

Sindre Spidsberg, son til eigar Kjartan Spidsberg, fortel at det ikkje hadde vore nokon i det kvite huset sidan søndag morgon. Då vart der forsvarleg låst og ingen har nøklar eller brukt huset frå det vart låst søndag morgon og til det vart oppdaga eld der tirsdag ettermiddag i sytten-tida.

Varmen vart då oppdaga i roma ned mot kaia.

Kjartan Spidsberg håper det blir fortgang i politiarbeidet slik ein kan kome i gang med oppryddingsarbeidet.

- Vi håper vi kan kome fort i gang med å sikre branntomta. Slik det ligg no så er det mykje som kan bli spreidd både over til naboar og utover havet dersom det kjem litt vind eller ein storm.

Ikkje i gang enno

Torsdag hadde politiet enno ikkje sett i gang dei tekniske undersøkingane på branntomta på Torvholmen.

- Foreløpig har vi berre sperra av området, og dei tekniske undersøkingane vil tidlegast starte fredag, opplyser politibetjent Jørn Larsen ved Herøy og Sande lensmannskontor.

Fleire vitne har vorte avhøyrde, men politiet vil foreløpig ikkje seie noko om kva som har kome fram i avhøyra.

Sindre Spidsberg Kjartan Spidsberg Foto: Torill Myren
Foto: Torill Myren