– Vedtaket i dag er gjort for å prøve å unngå at for mykje makt skal hamne i dei store byane.

Det seier Volda-rektor Per Halse til Sunnmørsposten. Når kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen snart møter høgskulane på Nordvestlandet, er signalet frå Høgskulen i Volda dette: Vi prioriterer Nordvestlandet framfor Bergen.

Det er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som har utfordra høgskuler og universitet til å tenke nytt omkring kva dei skal vere i 2020.

Men styret ved høgskulen er ikkje einig. Med klart fleirtal prioriterer styret Nordvestlandet og ser nordover mot Ålesund og Molde.

– Første prioritet er ei sterk eining på Nordvestlandet. Fleirtalet ville prioritere samarbeidet her og styrke regionen. Førebels er det dette som er retninga, seier Halse.

Storpolitikk?

Volda-rektoren seier det var ein vanskeleg debatt som gjekk over to-tre timar.

– Er det også storpolitikk i vedtaket? Vil styret styrke Nordvestlandet som eigen region, for å motverke at landsdelen blir utkant i ein storregion under Bergen eller Trondheim?

– Det var berre delvis tema for styret. På eit generelt plan veit vi at styresmaktene er opptekne av regionar for til dømes politi og helse. Inn i denne generelle debatten vart det nemnt at det er viktig å styrke Nordvestlandet.

Fagleg samarbeid

Volda-rektoren høyrer til mindretalet på tre som saman med prorektor Marie Nedregotten Sørbø og høgskulelektor Pål Hamre helst ser sørover. Halse grunngjev sitt val med at han vil at dei tilsette og studentane skal få best muleg fagleg samarbeid.

– Når eg har snakka om Vestlandet, var det for å få eit styrka fagleg samarbeid mellom framleis sjølvstendige institusjonar.

Sogn og Fjordane

Rektoren opplever likevel at fleirtalet har kome han eit stykke i møte, ved også å invitere Sogn og Fjordane med.

– Eg er glad for at fleirtalet også ynskjer å ta med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det hjelper på for det faglege samarbeidet, slik som til dømes lærar- og sosialarbeidarutdanninga, seier Halse.

Dette vert altså første innspel til statsråden når han møter høgskulane i Møre og Romsdal og Trøndelag 17. september.

Prioritering

Dette er eit anna signal enn det Halse sende ut for to veker sidan. Ifølgje Halse er snuoperasjonen likevel ikkje så dramatisk som den kan høyrast ut som.

Både fleirtal og mindretal er opne for samarbeid begge vegar, men vi ser ulikt på kva som bør prioriterast først. I den vidare prosessen vert det dessutan avgjerande kva dei andre høgskulane går inn for. Styret ikkje har sagt noko endeleg, dette er retninga vi tenkjer no, understrekar Halse.