– Heilt bevisst, seier Giske-ordførar Knut Støbakk som fortel at føremålet er fritt å få utveksle synspunkt om kommunereforma.

Han legg ikkje skjul på at det over tid har danna seg djupe gnagsår når det gjeld samarbeidet med Ålesund.

Dårleg frieri

– Det var ikkje noko godt frieri til randkommunane å fange oss med bompengar, seier Støbakk.

Han sit att med ei kjensle av at Ålesund og Statens vegvesen køyrde solo då dei laga bypakken, utan å ta med randkommunane i diskusjonen.– Eg forstår at Ålesund må gjere noko med infrastrukturen. Det er ikkje noko problem for meg at våre innbyggjarar er med på å betale bompengar på vegar som vi brukar i det daglege. Det eg har problem med, er at innbyggjarar i Giske skal vere med på å betale for gang- og sykkelvegar i Ålesund, seier Knut Støbakk.

Det verste

Giske-ordføraren ser på ein framtidig kommune som består av Ålesund, Giske og Sula som det verst tenkjelege scenarioet.

– Mitt største ønske er at Giske framleis får lov til å stå åleine. Vi har i dag nær 7.900 innbyggjarane, og vil om 10 år nærme oss 10.000. Vi vil ikkje ha noko problem med å stå på eigne bein, seier han.

Sterke regionar

Samstundes har Knut Støbakk sansen for å byggje sterke regionar.

– Det mest realistiske utfallet av kommunereforma er vel kanskje ein storkommune på Nordre Sunnmøre, inklusiv Ålesund og i tillegg Sykkylven og kanskje også Stranda. Då kjem vi opp i eit innbyggjartal på rundt 100.000, og kan verte ein maktfaktor i høve statlege styresmakter når det skal forhandlast om ymse ting, seier han og legg til:

– Skal vi først slå saman kommunar, bør vi tenkje stort. Og for å kome i mål må alle partar vere rause, seier Giske-ordførar Knut Støbakk.

Ålesundsordførar Bjørn Tømmerdal (H) er slett ikkje såra og vonbroten over at han ikkje får delta på møtet i Ørsta, og seier at dei tre kommunane må få lov til å gjere det dei vil.

– Er prosessen tent med gjere det slik, er det greitt for meg.