Sidan i januar har kommunen redusert talet på tilsette, og dei kjem til å auke nedbemanninga utover hausten.

– Vi har brukt naturleg avgang, men også oppseiing. Vi legg vekt på at alt skal gå føre seg strengt etter lover og reglar, seier rådmann Bente Glomset Vikhagen.

Kommunen må ned med utgiftene slik at dei står i forhold til inntektene som sviktar.

– Trongen for reduksjonar har auka på grunn av at Skodje får mellom fem og sju millionar kroner i skattesvikt. Dette er det same som skjer over heile landet, opplyste ordførar Terje Vadset (Frp) i formannskapet.

Legg ned frisklivssentralen

Tysdag tok formannskapet til vitande at rådmannen legg ned frisklivssentralen frå nyttår og sparer 444.000 kroner i året.

Særleg Modolf Hareide (Sp) og Kari Grindvik (V) mislikte kutta, men rådmannen opplyste at dersom ikkje dette skjer må dei kutte ein annan stad, og eit kutt som vert utsett i år kjem att dobbelt neste år. Det er ikkje sikkert det er lettare.

Må fjerne stillingar

Skodje har i dag 450 årsverk, og kvart årsverk kostar bort imot 500.000 kroner. Kva som skal bort sa dei ikkje så mykje om, sjølv om både skulestruktur og kutt i helse og omsorg vart nemnd. Samordning og nedlegging er verkemiddel.

– Vi må ha bort alle tiltak som kommunen ikkje er pålagt i lov å ha. Vi må dessutan kutte i dei lovpålagde tenestene, og vi må ha inntekter frå eigedomsskatten. Alt dette må til, sa rådmann Bente Glomset Vikhagen til formannskapet.

Sjølv om det er over ein månad til statsbudsjettet kjem, er det klart kva kommunen har i inntekter neste år. Rådmannen meiner det hastar med å setje tiltaka i verk, og Kristian Skålhavn som skal verte assisterande rådmann varsla dårlegare kommunale tenester.