Sjølv om det ikkje er snakk om turisme verken i mengder eller for massane, så seier Marius Petersen, direktør i 62 grader Nord, at Svinøya er eit reiselivsmål dei gjerne vil selje. Det er i tilfelle snakk om ei handfull helikopterturar med nokre få grupper i året. Dei klagar difor på avslaget frå Fylkesmannen.

Svinøya er naturreservat, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har også tidlegare stoppa helikoptertrafikken. Det vart klaga på, og i vår sa Miljøverndepartementet at dei meinte ein måtte kunne vurdere ein dispensasjon ut frå verneforskriftene paragraf sju.

Fylkesmannen kom no med ei ny vurdering, og held fast på sitt nei. Dei viser til same paragrafen som Miljøverndepartementet, men seier at den ikkje opnar for nokon dispensasjon. Fylkesmannen viser også til at ein har for dårleg kunnskapsgrunnlag om fugl på Svinøya, at det vil vere ein risiko for at fugl vert skremd opp, og at mange sjøfuglartar har stor nedgang i hekkebestanden.

– Helikopteraktiviteten vil etter vår vurdering ha stor og uheldig påverknad på verneverdiane dersom den skjer på uheldige tidspunkt.

Auke trass helikoptertrafikk

– Rivingssøknaden er utfylt og ligg her på bordet mitt, seier regiondirektør i Kystverket Harald Tronstad.

Men før dei sender søknaden, håper dei på eit anna svar frå Miljøverndepartementet enn det som no har kome frå Fylkesmannen.

I klagen til departementet gjer Kystverket det klart at dei meiner ein ikkje kan bruke fugleteljingar frå Runde som dokumentasjon på at det har vore nedgang også på Svinøya. Frå 1970 til 2005 flaug Kystverket til Svinøya med helikopter annankvar tirsdag i samband med vaktskifte på fyret. I tillegg kom det flygingar med proviant, vedlikehald og så vidare. Det finst tre teljingar av sjøfugl på Svinøya i denne perioden.

- Feiltolking

– Av dei femten artane som vart telt, var det berre lomvi og alke som hadde tilbakegang. Lomvi og alke har hatt tilbakegang generelt langs heile kysten, så det er ikkje sannsynleg at nedgangen for desse artane skuldast aktivitetane til Kystverket. Alle dei andre artane auka i antal trass i at Kystverket var til stades kontinuerleg og gjorde hyppige helikopterflygingar. Kystverket meiner at dersom Fylkesmannen skal gå inn og i praksis stanse etterbruk av Svinøy fyr, må dette baserast på nye, konkrete haldepunkt om forholda på Svinøya «og ikke antagelser om fuglebestanden generelt», heiter det i klagen til Miljøverndepartementet.

Regiondirektør Harald Tronstad meiner at Fylkesmannen sitt nye nei er basert på feiltolking av verneforskrifta og mangelfull skjønsmessig vurdering. Kystverket ber om at 62 grader Nord skal få løyve til helikoptertrafikk og at Miljøverndepartementet sjølv gjer vedtaket sidan «Fylkesmannen synes fastlåst i tidligere standpunkter».