Til trass for at driftsinntektene i Rolls-Royce Marine as auka med 550 millionar kroner til 9,9 milliardar kroner i 2013, vart det eit dundrande underskot for selskapet.

Store driftskostnader

Driftskostnadene auka med 1,1 milliard kroner i forhold til 2012 og hamna på 10,4 milliardar kroner i fjor.

Styret skriv i si årsmelding at «kontantstrømmen frå operasjonelle aktivitetar er vesentleg redusert samanlikna med 2012». Kontantstrøm frå drifta vart negativ med 650 millionar kroner i fjor.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Utsiktene

Om framtidsutsiktene skriv styret i årsmeldinga at den internasjonale marknadssituasjonen har påverka ordreinngangen til selskapet, og at den har vore svakare enn forventa. Dei opplever aukande prispress innafor enkelte av forretningsområda, og dei jobbar kontinuerleg med å effektivisere produksjonen og tilpasse kostnadsbasen etter aktivitetsnivået. På lengre sikt ventar styret auka etterspørsel etter selskapa sine produkt, og styret vurderer framtidsutsiktene som gode.

Selskapet hadde i fjor 2449 tilsette.

Til samanlikning var resultatet før skatt i 2012 115 millionar kroner. I toppåra 2008-2010 låg resultatet før skatt rundt 500 millionar.