Ein mann i 30-åra blir fotgjengar etter at han torsdag køyrde i 83 km/t i ei 50-sone ved Skarbø skule i Ørskog.

- Det blei totalt gitt 19 forenkla førelegg i tillegg til det eine beslaget, ifølgje operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Fleire kontrollar

Utrykningspolitiet har også hatt fartskontroll på fylkesveg 60 i Olden i Stryn.

Denne kontrollen var i ei 60-sone, og det vart utferdiga åtte forenkla førelegg for fart. Høgaste hastigheit var 79 km/t.

- Det vart også utferdiga sju forenkla førelegg for handholdt mobilbruk, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.