Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har lågast arbeidsløyse, med 2,0 prosent.

Kystkommunar slit

Alt er likevel ikke rosenraudt i fjordfylket. Kystkommunane Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje slit. I desse fire kommunane bur halvparten av dei som står heilt utan arbeid. Ein del av forlklaringa er mange permitterte i fiskeindustrien. Men også anna industri slit.

Arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad forklarar auken i august, etter nedgang i juli, med at det har vore ein nedgang i talet på arbeidssøkjarar på tiltak.

Alle yrkesgrupper

Det vart på landsbasis fleire arbeidslause innan så godt som alle yrkesgrupper i august. Berre blant personar utan registrert yrkesbakgrunn var det ein nedgang.

Målt i talet på personar, auka arbeidsløysa mest for butikk- og salsarbeidarar, følgd av kontorarbeidarar. Prosentvis auka arbeidsløysa mest blant leiarar og innan ingeniør- og ikt-fag.

Finmark

Finmark hadde den største prosentvise auken, følgd av Hordaland og Rogaland, medan nedgangen var størst i Hedemark og Oppland.

I Møre og Romdal var det ved utgangen av august 3.241 ledige eller 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Talet for Sogn og Fjordane er 1.132 eller 2,0 prosent.