Konsernet hadde driftsinntekter på 689 millionar kroner  (557 millionar kroner på same tid i fjor). Driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) vart 387 millionar kroner, det er ein auke på 67 prosent i forhold til same tid i fjor (231 millionar i fjor). Driftsresultatet vart 301 millionar kroner mot 154 millionar på same tid i fjor.

Høge marginar

Selskapet sin EBITDA-margin i første halvår var på sterke 56,1 prosent, mot 42 prosent i fyrste halvår i fjor.

Ifølge selskapet har dei sett aukande utnyttingsgrad, marginar og omsetning gjennom året, og andre kvartal var vesentleg betre enn fyrste kvartal. Stig Remøy er svært godt fornøgd med halvårsresultatet, og han trur at andre halvår blir endå betre enn første.

Han gjentek Juan Antonio Samaranch sine ord etter OL på Lillehammer.

- "Best olympic ever", var det ikkje det Samaranch sa? seier Stig Remøy og ler.

- Iallfall til neste kvartal - legg han til.

Reduserte kostnader

Til trass for fleire skip i drift, har selskapet også klart å kutte driftskostnader.

- Vi ser no effekten av å være eit globalt selskap, med representasjon i Sør-Amerika og Asia, og at vi klarer å vere meir kostnadseffektive. Vi har god lokal administrasjon der skipa er. I tillegg har vi ein god flåte beståande av subsea- og konstruksjonsskip, seier Remøy til smp.no.

Flåten

Olympic Ship har ved utløpet av første halvår 19 skip i drift, i tillegg til at dei eig minoritetsandelar i to PSV-skip som er under management.

Selskapet har i tillegg to subsea-skip under bygging som skal leverast i 2015. Etter levering vil 15 av gruppa sine totale 23 skip være sysselsett innanfor subsea- og konstruksjonsmarknaden. Olympic er med dette ein av dei aller største eigarane av denne type farty.