Dette lovde fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) då ho fredag møtte ein fullsett sal av fiskerifolk i Ålesund.

Men først må dei vente på eit utval som legg fram innstilling i haust. Når den nye politikken skal setjast saman er ikkje noko utelukka på førehand.

Ynsket om å dempe den politiske styringa av fiskeria fall tydeleg i god sjø. Men Tore Roaldsnes sa at salslagslova kan vere som ho er. Deltakarlova derimot kan dei sjå på.

For tida går føre seg store forandringar som varsla tollreduksjon mellom USA og EU, og det er strid med Russland. Likevel må den norsk-russiske fiskerikommisjonen møtast i Oslo i oktober som planlagt i år som i alle år tidlegare.

Kvitfisk

Torskebransjen som har svak lønsemd, må endre kurs.

– Vi må sleppe noko av det politiske grepet på kvitfisk, men ei total avregulering får altfor store følgjer for arbeidsplassar og distrikt, sa fiskeriministeren som viste til at oppdrett har tent på å vere friare. Dei skal leggje til rette for at bedriftene sjølve lykkast.

Dei som tenkjer løysingar må vere modige, og det som vert bestemt må vere klart neste haust. Fiskebåt har fått medhald i større kvote for ringnot og trål.

Fiskeriministeren sa fleire gonger at båtane må tenkje meir på å kome inn med god vare enn å vere mest mogeleg lasta.Det som tel er kva kundane seier og kva dei vil betale. Salsprisen avgjer fortenesta i alle ledd.

Stimuleringsordninga for dei som fører inn levande torsk skal aukast og vare ut 2017, men frå salen vart det uttrykt misnøye med slik politisk styring når det elles skal verte meir fridom.

Smuttholet

I havområdet som er kalla Smuttholet går føre seg rekefiske med båtar frå mange land. Norske båtar må bruke rist for å unngå god bifangst av torsk og blåkveite. Fleire synest det er ille at det skal vere slik når utanlandske billegare fiskebåtar ikkje har rist. Men ministeren tala for vere godt føredøme. Berekraftig fiske er god reklame, og dessutan er det mange omsyn å ta som råderetten ved Svalbard og grensa mot Russland.

Ministeren sa på spørsmål at det er viktig å få til lågare toll til EU, men når ho kjem til Stortinget, er det vanskeleg å få fram kor viktig fiskeria er.