- Meld frå om mistenkeleg køyring, oppmodar Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding til lokale media. Bakgrunnen er at det på sju dagar har vore minst fire tilfelle av ruskøyring på Søre Sunnmøre.

- Det er viktig at publikum varslar politi om mistenkeleg køyring. Nettopp gode observasjonar frå publikum ligg til grunn for pågripingane i to av sakene av dei fire sakene frå sist veke, heiter det i pressemeldinga frå politiet.

- Dei fire episodane er desse, fleire tidlegare omtalt på smp.no:

  • På morgonen fredag 22. august fekk politiet tips frå publikum om vinglete køyring i Ørsta. Ei mann i slutten av 30-åra vart stoppa og kontrollert. Han er mistenkt for køying i ruspåverka tilstand og bruk av narkotika. Det vart gjort beslag av 100 gram amfetamin, diverse narkotiske tablettar og cannabis.

  • På dagtid onsdag 27. august fekk politiet melding frå publikum om vinglete køyring i Ørsta sentrum. Ved kontroll fann politiet skjellig grunn til å mistenke føraren, ein mann i 70-åra, for brot på vegtrafikklova § 22,1 - køyring i rusa tilstand.

  • Natt til torsdag 28. august vart ein mann i slutten av 20-åra teken for køyring i rusa tilstand på Egset i Volda. Bilen vart stoppa for kontroll av ein patrulje. Førar vart der etter mistenkt for køyring i rusa tilstand og brot på narkotikalovgivinga. Forholda er erkjent.

  • Natt til fredag 29. august vart ein mann i 20-åra kontrollert av ein patrulje i Tjørvåg. Mannen er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand og brot på narkotikalovgivinga.

I alle desse fire tilfella vart det tatt blodprøve, og dei har alle fått beslaglagt førarkorta sine.

Følg smp.no på Facebook