Ein 11 år gammal gut fekk lettare skadar under eit treningsstemne i motorcross i Hundeidvik, søndag ettermiddag, melder Sunnmøre politidistrikt.

- Guten hadde eit uhell på ein liten motorsykkel. Han fekk trykkskadar i buken og vart frakta bort av ambulanse, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård.

Politiet fekk melding om hendinga litt før klokka 16.