Ein gut i slutten av tenåra er sendt til Nordfjord sjukehus, etter ei trafikkulykke på E39 ved Eid kyrkje ved 08.30-tida, måndag.

- Har er lettare skadd, men sendt til Førde sentralsjukehus for observasjon, seier ortoped Nils Birger Bylander ved Nordfjord sjukehus til smp.no.

Kollisjonen skjedde i eit gangfelt.

- Syklisten sykla ut gangfeltet og kolliderte med ein bil, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

Både ambulanse og politi vart sendt til staden.

Saka blir etterforska av Eid lensmannskontor.