Slik kan sentrum av Fosnavåg doblast.

Tor Igesund representerer eigargruppa av industriområdet der Sunnmørsfisk held til. Onsdag ettermiddag var Igesund i formannskapet i Herøy og presenterte første utkast til korleis det kan bli sjåande ut. Området er om lag like stort som dagens sentrum av Fosnavåg.

Det var Igesund Eigedom som sjølv bad om å få kome i formannskapet og presentere planforlaget.

– Det meste av arealet er eigd av Igesund Eigedom As. Området er på rundt 34 mål, og dersom ein fyller i sjø, slik eigarane ynskjer, kan Fosnavåg sentrum utvidast med meir enn 40 mål, opplyser Igesund.

Kommunen sin arealplan er under rullering. I den nye planen kan dette området bli omdefinert frå industri til sentrumsfunksjonar,  det vil seie handel, kontor og leilegheiter. Herøy formannskap tok presentasjonen til etterretning.

Forprosjektet viser ein ny bydel med plass til 100 til 130 leilegheiter,  4-5.000 kvadratmeter kontorflate, 3-4.000 kvadratmeter butikkflate, ei kai på 200 meter, parkanlegg, store parkeringsareal, og ein gangpromenade som går frå Vågsplassen langs sjøkanten heilt inn mot Kleivavika.

Dersom kommunestyret vedtar ein slik plan, og alt går som eigargruppa ønskjer, kan byggestart vere muleg i slutten av 2016 eller tidleg i 2017.

Ingen vedtak

Kjell Runde (Folkelista/Sp) i formannskapet seier dei tok det som eit interessant innspel, og at det ikkje vart gjort noko vedtak i saka.

– Vi tok det som eit innspel som viser korleis ein eventuell ny bydel kan sjå ut. Vi såg det som informasjon frå Igesund Eigedom, og det var ingen vedtak og ingen diskusjon i etterkant, seier Runde til Herøynytt.

Personleg synest Kjell Runde at dette første utkastet ser tiltalande ut.

– Det ser rimeleg tiltalande ut. Det er mange parkeringsplassar, godt med grøntareal men kanskje litt kronglete tilkomst, meiner han.

Ein reguleringsplan for området kan vere ferdig innan utgangen av 2015 eller starten på 2016.

Avgrensinga

– Debatten i det politiske miljøet er ikkje om vi skal utvide sentrum, men kor mykje, seier ordførar Arnulf Goksøyr til Herøynytt, og synest innspelet frå Igesund Eigedom er eit godt bidrag.

Han seier Herøy kommune i haust skal ha ein arkitektkonkurranse.

– Deretter skal vi sortere ut det beste, og i tillegg finne ut kva som er ei fornuftig avgrensing av den nye bydelen, seier Goksøyr. – Vi må skunde oss så langsamt at vi ikkje låser det for tidleg. Og vi må ha ein open prosess, legg ordføraren til.