Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner sa seg imponert over kommunereforminteressa frå tre ordførarar han møtte i eit lukka møte på Hotell Ivar Aasen i Ørsta tysdag føremiddag.

Dei tre er Knut Støbakk (KrF) frå Giske, Geir Ove Vegsund (H) frå Sula og Bjørn Sandnes (H) frå Haram. Dei tre hadde slått hauda saman og gjekk forbi «storebror» Ålesund, då dei greidde å få i stand eit møte med statsråden, på nøytral grunn i Ørsta.

Fått kritikk

Møtet med statsråd Jan Tore Sanner vart i godt over ein time, på ein ventande travel sunnmørsdag for kommunalministeren. Møtet var lukka, og varte heilt til ministerdrosja stod og venta utanfor hotellet.

- Kva fekk de ut av møtet?

- Vi fekk dele alt vi hadde på hjartet av spørsmål og problemstillingar kring den nye kommunereformen med statsråden. Det var det vi kom hit for, og dette fekk vi full utteljing med, seier dei tre.

Godt nøgd

Minister Jan Tore Sanner sa seg på si side godt nøgd med eit så konkret initiativ.

- Kva sa du til ordfararane, to av dei dine eigne partifeller?

- Først vil eg seie at eg møtte tre merkbart framoverlente og konkret interesserte ordførarar.

- Dei representerer spørsmålsstillingane som er gjennomgåande i dei mange av dei om lag 200 kommunane som alt har sett i gang arbeid og tankeprosessar kring samanslåing med grannekommunar, sa Sanner til smp.no.

Sanner sa vidare at han er budd på å bruke mykje tid på liknande møte og nye problemstillingar i tida framover mot at reformen materialiserer seg.

- Noko av det viktigaste er at vi lukkast med å få i gang lokale prosessar som involverer næringslivet og innbyggjarane konkret i diskusjonane. Vi har lagt visse økonomiske føringar som alt er kjende, og som kommunane kan forhalde seg til, seier Sanner.

Han ønskte ikkje å gå nærare inn med synspunkt på samanslåingsmodellar i området der dei tre ordførarane han møtte i Ørsta representerer.