Då vil han fortelje innbyggjarane i fylket kor god beredskapen er og kor store sjansar det er for at det skal gå bra om eitt av dei store fjellskreda går. Og såleis gjere sitt til at folk ikkje vert unødvendig skremde.

– Dette er ein film som vi godt kunne har klart oss utan, sa han på det årlege møtet i fylkesberedskapsrådet som vart halde på Storfjord Hotel på Glomset tysdag.

  • Kva trur du? Vil «Bølgen vere bra eller dårleg reklame for distriktet? Bruk kommentarfeltet under

Men han la til at dei har lagt vekt på å gje filmskaparane så god informasjon som mogleg, i håp om at filmen vert best mogleg og mest mogleg korrekt ut frå gjeldande fakta.

Følg smp.no på Facebook

Skred frå Åkneset

Filmen dreiar seg om eitt av hovudtemaa på konferansen, nemleg fjellskred og flodbølgjeberedskap, og handlinga skal vere eit fjellskred frå Åkneset og ei flodbølgje i fjorden.

Også dette hundreåret

Ketil Matvik Foldal fortalde om dei to skreda som gjekk i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjord i 1934. I desse tre skredkatastrofene gjekk 175 menneskeliv tapt.

– Ser vi nokre hundreår tilbake i tid, har det kvart hundreår gått tre til fem slike store skred. Det er ingen grunn til å tru at det vert annleis dette hundreåret. I dagens samfunn er vi også meir sårbare enn tidlegare, sa han.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Større revisjon

Fylkesberedskapssjefen fortalde at Fylkesmannen i Møre og Romsdal, politiet, Åknes-Tafjord Beredskap og kommunane har starta ein større revisjon av beredskapsplanverket for fjellskred ved Åkneset, i Heggura og ved Mannen.

Neste steg er aktørplanar. Når ein har landa alt dette planarbeidet, tek fylkesberedskapssjefen til orde for ei større øving - eller ein eksamen som han kalla det, gjerne med tentamen i forkant.

Evakueringssoner

Det vart opplyst at det vil verte innført eit heilt nytt omgrep, nemleg evakueringssoner.

– Vi har ikkje fått ny kunnskap og såleis nye høgder, sa han.

  • Kva trur du? Vil «Bølgen vere bra eller dårleg reklame for distriktet? Bruk kommentarfeltet under

<strong>Beredskap:</strong> Kjell Jogerud er dagleg leiar i Åknes/Tafjord Beredskap. Foto: Staale Wattø
Slik såg den første reklameposteren for filmen ut då prosjektet vart kjent.
<strong>Filmopptak:</strong> Skulespiller Kristoffer Joner flykter fra bølga opp Ørnevegen. Stort filmteam og et stort apparat med blant annet 60 biler og over 80 statisster var i sving under opptakene i Geiranger. Foto: Staale Wattø