Det opplyser operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Ole Bjørn Harang, klokka 20.45 i kveld.

Politiet arbeider med å skaffe seg oversikt over kva som har skjedd, men stadfestar til smp.no at det handlar om ei arbeidsulykke. Sunnmørsposten sin journalist på staden fortel at det er stupbratt terreng i området.

– Mannen var del av eit arbeidslag på tre menn. Han skal ha fått eit tre over seg i samband med skogsarbeid, seier innsatsleiar Matz Aasebø til smp.no. Arbeidskameratane varsla umiddelbart om ulukka og starta gjennoppliving.

– Dei to skal ha utført kontinuerleg førstehjelp med gjenoppliving heilt til ambulansefolka kom fram. Desse tok over og heldt også fram gjenopplivingsforsøka ei heil stund. Men livet stod dessverre ikkje til å redde, sa Aasebø til Sunnmørsposten på ulukkesstaden.

– Eit orkantre som velta

Skogeigaren seier til Sunnmørsposten at det heile er svært tragisk. Han opplyser den unge mannen stod og kvista eit større grantre han hadde felt litt før, og at det var eit anna tre som velta.

– Dette treet stod kraftig på skeive etter orkanen, og har truleg hatt ein fysisk skade på stammen. Uheldig nok så brotna stammen akkurat der og då, med fatale følgjer, beklagar skogeigaren. Han fortel at ulykka har gjort eit sterk inntrykk på alle i den vesle bygda.

Skogrydding

Eigaren av skogen der den tragiske ulykka hende torsdag ettermiddag, fortel at arbeidslaget på tre mann har halde på i kring ein månad med å snauhogge skogen. Skogsteigen er svært bratt, og ligg like vest for  den sørlege tunnelopninga i Eidsnakktunnelen.

Skogen her  vart ramponert av orkanen «Dagmar» for snart tre år sidan, og det er teke ned nærare 500 kubikkmeter gran her med taubane. Arbeidet var heilt i sluttfasen, då arbeidslaget vart råka av dødsulukka torsdag.

Operasjonsleiar Harang legg til at Arbeidstilsynet er varsla og at ulykka skal etterforskast.

Politiet fekk melding klokka 14.04 torsdag.