Det meiner fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i si innstilling om universitets- og høgskulestrukturen. Han tilrår ei samanslåing av dei tre høgskulane i fylket med undervisning på dei fire eksisterande campus; Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.

– Møre og Romsdal treng ein lokalt forankra høgskule som gir forskingsbasert utdanning, meiner fylkesrådmannen, og åtvarar mot at ein ny universitets- og høgskulestruktur ikkje må svekke det fruktbare samarbeidet som høgskulane i fylket har bygd opp innafor praktisk forsking.

Bli attraktiv

Fylkesrådmannen meiner at dei tre høgskulane samanslått vil bli opplevd meir attraktiv for samarbeidspartnarar enn det dei vil gjere kvar for seg. Dei vil kunne tilby ein unik fagleg breidde, med dei moglegheitene dette gir i høve til kva dei tilbyr kvar for seg.

Ein felles høgskule vil etter fylkesrådmannen si meining vere freistande for studentar gjennom å tilby attraktive og relevante utdanningar i nær tilknyting til eit framgangsrikt næringsliv. Samstundes vil Høgskulen i Møre og Romsdal kunne forsyne arbeids- og næringsliv i fylket med etterspurd og attraktiv kompetanse innafor eit breitt spekter av fag.

Ifølgje innstillinga frå fylkesmannen vil ein felles høgskule føre til betre økonomi når det gjeld forskingsmidlar og nye tilbod.

Ulike meiningar

Dei tre høgskulane i fylket har sprikande ønske om samanslåing. Høgskulen i Ålesund vil greie ut tre alternativ: vidareføre høgskulen som no, tettare integrasjon med Høgskulen i Molde eller tettare integrasjon eller fusjon med NTNU.

Fylkesrådmannen tek også med kva NTNU ønskjer å greie ut, og ser på situasjonen i Sogn og Fjordane.

Ei undersøking i 2013 synte at eit fleirtal av innbyggjarane i Møre og Romsdal ville ha ein felles høgskule.