Rundt hundre deltakarar frå kommunane i Møre og Romsdal og randkommunane var til stades i Molde då Sjur August Waagbø og Oda Monsen frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal sa «Klar, ferdig, gå!» og sette i gang oppstartsamlinga for kommunereforma i Møre og Romsdal.

Det er viktig med gode prosessar, sa dei.

– Så spør ungdomen, slik at det ikkje går som når politikarane vil berge små ungdomsskular og ungdomen sjølv gjerne vil ha større skular.

Waagbø og Monsen sa også at ungdom som fekk pådytta oppgåver ofte svarte med å nekte eller prøve å gjere det beste ut av det.

– Vi håper de gjer det siste, prøver å gjere det beste ut av det. Vi ungdomane er opptekne av jobb, skule, fritid og kollektivtransport og vi trur nye og større kommunar vil gjere desse tenestene betre.

Waagbø og Monsen var også uroa for framtida til Møre og Romsdal.

– Vi veit kor fint her er, men vi ser at fleire og fleire flyttar ut og ikkje kjem tilbake etter endt utdanning.

Tåkelegging

I løpet av onsdag er planen at kommunefolket skal få høyre kva departementsråd Eivind Dale frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet tenkjer om bakgrunn, framdrift og forventningar til arbeidet med kommunereforma. Matz Sandman, tidlegare rådmann, fylkesrådmann og statsråd står på programmet med «Kommunefellesskap i tid og rom».

KS er også på plass ved styreleiar Knut Støbakk og regiondirektør Gunnar Bendixen som tek føre seg KS si rolle i kommunereforma.

Men skodda låg tungt over Molde, og assisterande fylkesmann Rigmor Brøste fleipa med at det verka som om nokon hadde prøvd å tåkelegge heile reforma. Utover dagen vert det klart om foredragshaldarane kan kome til Molde, eller om ein må setje i verk alternative planar.

Må ha framdrift

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste var iallfall på plass, og er den som hadde fått i oppdrag å legg innover kommunane den lokale framdriftsplanen. I løpet av året skal alle kommunar ha lagt fram ei sak om korleis dei skal jobbe med kommunereforma. Til våren er det tid for utgreiingar og i løpet av dei tre første månadene i 2016 skal det fremjast i kommunestyret sak med forslag til framtidig kommunestruktur.

Les kommunalminister Jan Tore Sanner si oppmoding til alle ordførarar om å delta i prosessen her.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste la fram framdriftsplanen til kommunane. Foto: Petter Sandvik