Eit einstemmig i fylkesmøtet i KS i Møre og Romsdal med alle ordførarar og valde representantar med tilsaman 57 røysteføre har vedteke at både fylkeskommunen og kommunen har hatt ansvar i perioden frå 1980 til 1983 for det som måtte ha skjedd av overgrep i barneheimar og spesialskular.

Fylkeskommunen hadde ansvaret for barneverninstitusjonen vart sett i stand til å drive forsvarleg og at den enkelte bebuar fekk forsvarleg omsorg under opphaldet, medan kommunane hadde plasseringsansvaret.

400.000 kroner

KS seier at oppreisingsbeløpet vert sett til maksimalt 400.000 kroner og frist for å setje fram søknad til denn ordninga er to år.

KS Møre og Romsdal ber om at Fylkesmannen tek kostnaden med å administrere denne oppreisingsordninga.

Vedtaket i KS skal no sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune som grunnlag for gjennomføring av ei felles oppreisingsordning.

23 av 27 kommunar i fylket har gitt tilbakemelding i denne saka og tjue er positive til ei felles oppreisingsordning.