Dei kallar det største skateparken på Nordvestlandet, eldsjelene bak Volda rullarlag. Det vil i så fall seie det største sparkebrettanlegget mellom Bergen og Trondheim.

Sluttspurt

Anleggsarbeida er no i sluttspurten, for å seie det mildt, berre tre dagar før storstila opningsseremoni laurdag 20. september i middagstider. Det er A. Våge AS som har betongarbeidet på dei store og varierte areala. Skateparken ligg like sørvest for den nye fotballhallen Mørehallen, rett ved Volda stadion.

Lang ventetid

I heile 25 år har det vore arbeidd med planar for å få etablert eit skateanlegg i Volda. Arbeidet skaut fart og let seg realisere i samband med tomta der Mørehallen vart reist. Mellom dei største eldsjelene for realisering er dei tre i styret, Reidar Haug, Ivar-Otto Kristiansen og Åsmund Vaage.

Testing

Etter opninga laurdag vert det høve til å få prøve anlegget for publikum. Oppmodinga frå styret er denne: Ta med hjelm!

F.v. Reidar Haug, Ivar-Otto Kristiansen og Åsmund Våge utgjer styret i Volda rullarlag. Foto: Knut Arne Aarset