Konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven er ein av dei som kjenner godt til forholda som bloggar Bård Fiksdal skildra frå Vigra flyplass denne veka. Næringslivet har også teke saka opp gong etter gong.

Lite engelsk

Ifølgje Rasmussen er det tre ting som er problemet på Vigra. Det første er mangel på informasjon.

– Det er dårleg merking og informasjon om korleis du skal kome deg til hurtigbåten. Og det er lite på engelsk. Dette er flyplassen nøydd til å gjere noko med, meiner han.

Når ein så har funne fram til haldeplassen for bussen som går til hurtigbåtkaia på Valderøya, oppstår problem nummer to.

– Der må du stå i regnet. No når det har vore så fint vêr, er dette gløymt, men i regn og ruskevêr må du stå ute. Dette er dårleg og unødvendig, seier Rasmussen.

Hurtigbåtkaia

På Valderøya støyter dei reisande på problem nummer tre:

– Her blir passasjerane sette av, men der er ingen ting anna enn eit busskur. Og der bles og regnar det frå alle kantar. Det finst eit lokale, men det er stengt og ikkje i bruk, seier Rasmussen.

Spesielt meiner han problemet er ille for dei tilreisande som ikkje er kjende.

– Vi andre kan jo norsk og vi kan ta med oss ei ekstra jakke. Men internasjonalt besøkande treng betre forhold, seier Rasmussen som elles synest det er flott å kunne reise til flyplassen med offentleg kommunikasjon.

Kleven-tilsette har i løpet av eitt år svært mange reiser til og frå Vigra. I tillegg har dei mange internasjonale besøk som ikkje er kjende på flyplassen. Dei bruker også flyplassen på Hovden, men for dei internasjonalt reisande er Vigra viktigare, sidan det der er samband både til København og Amsterdam.

Lover betring

Bent Helge Sjursen, driftssjef på Vigra, seier at de skal sjå på innspilla frå Rasmussen.

– Vi har laga til ein oversiktsillustrasjon der du kan sjå kva buss du må ta for å komme til hurtigbåt, og elles korleis ein kan ta seg til Søre Sunnmøre og innover i fjordane. Dette har vi gjort i lag med fylket, men det kan sikkert kan forbetrast ytterlegare. Når det kjem til språk så er eg usikker på korleis det er i dag, men på bakgrunn av det Rasmussen seier vil vi gå over dette og sjå om vi kan forbetre det også, seier Bent Helge Sjursen, driftssjef på Vigra.

– Er det noko vi kan gjere for å verte betre i forhold til informasjon, så er vi meir enn villige til å gjere noko med det, seier han. Nytt busskur er også på veg– Akkurat det er noko vi har sett på i lag med Nettbuss. Der jobbar vi med ei løysing for å få til vêrskydd eller eit busskur. Det er ikkje sett endeleg bestilling, men dette skal vi få på plass i haust.

Når det gjelder busskuret på Valderøya så viser Sjursen til Møre og Romsdal fylkeskommune.

<strong>Kun Norsk:</strong> Informasjonen om flybussen på Vigra bør òg vere tilgjengeleg på engelsk, meiner konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.