Klokka 17.52 fekk Sogn og Fjordane politidistrikt melding om at ein personbil hadde køyrt i fjellveggen på Kvamme.

Ein person i bilen klaga over smerter, og naudetatane vart varsla.

- Føraren var ei kvinne i tidleg i 20-åra og ho var aleine i bilen. Vi har ikkje informasjon om køyreforholda på staden no, seier Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den skadde vart køyrt til legevakt for sjekk.  Bilen fekk store materielle skader, og er ikke køyrbar.

Årsaksforholdet er ikkje avklart.