Karl Elling Skaar trur om lag 15 bilar køyrde forbi.

Klokka viste at det gjekk eit kvarter før nokon stoppa.

Nokre timar seinare ligg Karl Elling Skaar frå Langevåg og kona på Ålesund sjukehus med brotne hender og ribbein.

– Eg er sikker på at fleire av dei forstod at det hadde skjedd ei bilulukke. Bilen vår låg fem meter frå vegen, seier Skaar til Smp.no.

I tillegg låg kona like ved vegen.

Det var avisa GD som først omtalte saka, etter at paret hamna utfor vegkanten på Lesja laurdag morgon.

Suste forbi

– Eg trudde det var ganske openbert for dei forbipasserande at ei ulukke hadde skjedd, men den eine bilen etter den andre suste forbi. Eg veiva med armane til fleire av bilane, men dei køyrde forbi, fortel Karl Elling Skaar til GD.

Han fortel at han kjende seg litt lamma. Han lurte på kvifor ingen stoppa. Var folk for seint ute til jobb? Var dei blenda av morgonsola?

Så stoppa det endeleg ein bil, og det kom ein som tok over ansvaret.

Visste kva han skulle gjere

– Han sette ut varseltrekant, og ringde, han kom med pledd til kona, og han prata med oss heilt til ambulansane kom, fortel Skaar frå sjukesenga på Ålesund sjukehus.

– Han visste kva han skulle gjere, slik at eg kunne slappe av, seier Skaar og kallar hjelparen ein heidersmann.

Kva som er årsaka til ulykka er førebels ikkje avklart. Då bilen kom utfor asfaltkanten, kan høg asfaltkant ha gjort det vanskeleg å få bilen inn på køyrebana igjen, skriv GD.

Strengt

Skaar trur sjølv at folk er pliktig til å stanse når dei kjem til ei ulukke.

Vegtrafikklova §12 seier at den som kjem til ei ulukke, er pliktig til å stanse og gje den hjelpa som trengst.

– Du har ei plikt til å stoppe og hjelpe. Alle som har tatt førarkort er blitt fortald kva plikter du har ved trafikkuhell, seier vakthavande operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.

Foto: Privat
Foto: Privat