– Elevane har gjort alt sjølv. Dei konstruerte alle møblane til standen, dei laga modell og dei laga dei ferdige delane som skal dekke eit stort område i storhallen, fortel lærar Helge Leikanger.

Det er ni elevar ved Vg3 interiør som har bygt dei forskjellige delane, men mange utdanningar innan design og handverk har vore med og bidrege med sin del.

Modellen er i størrelsen 1:10 og den ferdige standen er så stor at den først vert ferdig sett opp i hallen til karrieredagane. Der skal ungdomsskuleelevane få sjå kva Borgund har å tilby enten dei ser for seg lang eller kort utdanningsveg.

– Det vi har laga er eit tverrfagleg prosjekt for bygg, elektro, interiør og utstillingsdesign.

Elevane har god grunn til å vere fornøgd med det dei får til. Alt er gjort på to veker frå ide til ferdige delar, og dei har hatt sitt budsjett for innkjøp og utstyr.

Det er første gongen at elevane sjølve tek hand i hanske med å vise kva skulen driv med, og det har vore mykje arbeid på kort tid for å få alt ferdig.

Åttande gongen

Karrieredagane blir i år arrangert for åttande gongen i Møre og Romsdal.

Det er kjempedugnad for næringsråd, bedrifter, kommunar, høgskular og skular. Her får ungdomsskuleelevane sjå ulike bransjar, bedrifter og utdanningar før dei skal velje vidaregåande utdanning. Målet er at alle avgangselevar skal få eit forståeleg inntrykk av utdanningsvegar, arbeids- og karrierevegar som dei kan slå inn på.

Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om korleis utdannings- og arbeidslivet i området der dei bur er bygd opp og organisert.

Arrangementa skal vere ein motivasjon, for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region og å få betre kjennskap til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn.

Det er viktig at kvar skule som ønskjer å vere med set av alle dagane for arrangementa i sin region. Dei vidaregåande skulane brukar karrieredagane til å presentere seg, og næringslivet som stiller opp fortel om kva dei treng.

Ungdomsskuleelevane som er på karrieredagane ser fort at dei er ettertrakta.

<strong>Kjolar:</strong> Fire elevar som skal vise på karrieredagane kva dei lærer. Kaisa Lindseth, Oda Torvik, Ronja Helene Grimsø og Thale Myrheim.
<strong>Modell:</strong> Dette er modell av den sjølvlaga standen til Borgund vidaregåande. Den skal stå i full størrelse i storhallen.