Fjordane tingrett har no dømt mannen i 30-åra til fengsel i 75 dagar.

Under ransaking i fjor sommar fann politiet oppunder 300 gram hasj og nokre gram marihuana heime hos mannen i ei bygd i Nordfjord.

Følg smp.no på Facebook

Gav til kjenning

Mannen har tilstått at han kjøpte over 300 gram hasj i Oslo. Han valde å kjøpe så mykje, slik at han skulle sleppe å ha jamleg kontakt med narkotikamiljøet. Alt var tenkt til eige bruk, ifølgje forklaringa han gav til retten.

Ti gram har han likevel gitt til ein kjenning, slik at kjenningen skulle sleppe å ha kontakt med det lokale narkotikamiljøet.

Slappa av

Mannen har forklart at han brukte narkotika om lag to gonger i månaden, for å slappe av og døyve smerter etter hardt arbeid.

Retten meiner det er straffskjerpande at mannen ikkje har teke lærdom av tidlegare straff for narkotikabrotsverk. Jamleg bruk over fleire år, er også skjerpande. Men ifølgje dommen har mannen no vore rusfri i eitt år.

I formildande retning legg retten vekt på at mannen har tilstått og at han har erkjent eit større kvantum enn det som blei beslaglagt under ransakinga i fjor sommar.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Varmelampar

Dommen omfattar også inndraging av fire varmelampar, to marihuanakverner og ei digitalvekt. Varmelampane var ifølgje tiltalte innkjøpt med tanke på dyrking av marihuana.

Den eine meddommaren var ikkje einig i at mannen skulle sone straffa i fengsel og ville heller at han skulle få samfunnsstraff, men dette var altså ikkje fleirtalet einig i og dermed er mannen dømd til fengselstraff.